NYHETER
  TERJE SKJELDESTAD
  KEEPERSKULEN
  INSTRUKTØRAR
  PÅMELDING
  PRISAR
  FOTOALBUM
  LINKER
  OM
  AKTIVITETSKALENDER
KEEPERSKULE PÅ VOSS 24. - 26. SEPTEMBER

Terje Skjeldestad keeperskule arrangerer keeperskule på Bømoen, Voss, fredag 24. til søndag 26. september.

Første treningsøkt startar kl 18.00 fredag, så me startar registrering av deltakarar frå kl 16.00. Me avsluttar søndag kl 15.00. Program vil bli lagt ut på heimesida så snart det er klart.

Dette må du få med deg - meld deg på!

Denne keeperskulen kan du delta på om du er jente eller gut mellom 8 og 18 år, om du er etablert keeper/kretskeeper eller om du vil utforske keeperrolla for å sjå om dette er noko for deg.

Me oppfordrar òg trenarar/keepertrenarar å delta.

Ta kontakt om det er noko du lurer på. Tlf 977 72 804, tsk@keeperskule.no

 

-> LES MER
 
 
Keeperlaurdag i Førde 21.august

Neste keeperarrangement blir i Førde 21. august. Dette er eit ope arrangement for alle gutar og jenter mellom 8 - 18 år - enten ein har stått i mål nokre år eller er nybyrjar. Alle er hjarteleg velkomne!

Treningsøktene vil bli på grasfeltet på Øyrane. Garderobar er reservert i Førdehuset for dei som treng det. Dei som ikkkje veit kor treningsfelte på Øyrane ligg kan møte ved Førdehuset, så køyrer me samla til trening.

Program finn du HER   Påmelding HER

 

!

-> LES MER
 
 
Keeperskulen på Voss må utsettast

På grunn av dobbeltbooking på Bømoen vil me prøve å arrangere keeperskulen 14. dagar seinare enn planlagt. Dette er ikkje heilt i boks enno, så følg med på heimesida vår for endeleg stadfesting av datoar. Keeperskulen vil stå på for å gjere dette til eit topp arrangement både for breidde og topp.

 

-> LES MER
 
 
Keeperskule på Bømoen, Voss 2010

Det blir keeperskule på Voss i år óg!

Sidan FBK Voss ikkje ønskjer å arrangere keeperskule i år tek me i Terje Skjeldestad på oss arrangementet på Bømoen.

Merk av helga 10.-12.september for årets keeperskule på Bømoen.

Påmeldingsskjema vil bli lagt ut på heimesida vår første veka i august.

Følg med og med deg på!

 

-> LES MER
 
 
Keeperskulen på Kaupanger 2010

Den 11. keeperskulen på Kaupanger er over. Deltakarar frå Sogn og fjordane, Møre og Romsdal, Hordaland, Buskerud og Østfold fekk 5 - 6 gode treningsøkter med keeperskulen sine instruktørar. Innsatsen til keeperane var det som vanleg ikkje noko å sei på sjølv om vinden gjorde det ekstra vanskeleg for dei med allergiplager.

For første gong arrangerte Terje Skjeldestad keeperskule Keepertrenar 1 kurs. Åge og Bjørn meinar at det passar godt å arrangere dette kurset saman med keeperskulen. Deltakarane får her ein fin moglegheit til å sjå ulike øvingar på treningsfeltet. Det blir nok fleire kurs, så følg med.

Bilete frå arrangementet vil du sjå på heimesida vår, snart.
.

 

-> LES MER
 
 
Program for keeperskulen på Kaupanger

Du kan framleis melde deg på keeperskulen på Kaupanger!

Programmet for keperskulen på Kaupanger er no klart. Følg med på heimesida, det kan bli små endringar.

Har du ikkje meldt deg på keeperskulen enno? Påmelding

Sjå programmet eller opne det i Microsoft Word dokument

Prisar for deltakarane finn du til venstre i skjermbilete.

-> LES MER
 
 
KEEPERTRENARKURS 1 PÅ KAUPANGER 19. JUNI

SFFK og Terje Skjeldestad Keeperskule innviterar til KEEPERTRENARKURS 1 på Kaupanger laurdag 19. juni.

Keepertrenarkurs 1 er eit nytt keepertrenarkurs. Kurset er delt i to modular a 4 timar.  

Modul 1 er keepertrening for barnefotball og modul 2 er keepertrening for ungdomsfotball.
SFFK og Terje Skjeldestad keeperskule arrangerar dette kurset under årets store keeperskule på Kaupanger denne helga.
Målgruppe for kurset er alle som er interessert i keepertrening pluss lagstrenarar som ønskjer å lære meir om korleis ein skal trene keeperar.
Les meir om keepertrenarkurset på SFFK si heimeside, HER
-> LES MER
 
 
Super keeperskulehelg i Halden

Ørjan Christiansen og Kvik Halden hadde lagt alt til rette for at instruktørane til keeperskulen skulle trivast og gjere ein god jobb med keeperane i Østfold. Endå til vêret hadde han kontroll over. Dette var første gong for keeperskulen i Halden - og garantert ikkje den siste. Me er allereie no i gang med å planlegge ny tur i 2011. I overkant av 30 keeperar var meldt på keeperskulen i år. Strupe idrettettsanlegg, med fine gras- og kunstgrasbaner, har kapasitet til mange gonger 30.

Bilete frå arrangementet vil bli lagt ut på vår nye heimeside når den er klar.

Sjå bilete, video og intervju på Kvik Halden si heimeside HER. Fotball-, bilde- og videoentusiasten Cato Haug har laga denne videoen som de berre må sjå.

 

-> LES MER
 
 
Ivrige keeperar i Vik
Stig Roar Hovland samla 32 ivrige keeperspirer frå eigen klubb til keepertrening i Vik onsdag kveld. Terje, Bjarte Vidar og Linda frå keeperskulen var godt nøgde med innsatsen frå keeperane. Terje håpar fleire klubbar tek slike initiativ, for keeperane treng keepertrening.
-> LES MER
 
 
Me er klare for keeperskule i Halden

Terje Skjeldestad med sine disipplar er no klare for keeperskule i Halden 29. og 30.mai. Terje håpar på mange påmeldte til arrangementet.

Program og info finn du HER            Påmelding HER

-> LES MER
 
 
Meld deg på keeperskulen på Kaupanger

HER kan du melde deg på keeperskulen på Kaupanger 18.-20. juni.

Start fredag 18. juni kl 18.00 og slutt søndag 20. kl 15.00. Overnatting på Kaupanger skule for dei som ønskjer det. Me tilbyr ikkje overnatting for minikeeperane.

Detaljert program blir lagt ut rundt 1.juni.

 

-> LES MER
 
 
Vel gjennomført keeperskule på Blindheim
Til tross for at alle årstider var innom Blindheim under keeperskulen i år klarte deltakarane å halde varmen. Tøffe keeperar let seg ikkje stoppe av litt snø og haggel. Bilete frå keeperskulen finn du HER
-> LES MER
 
 
Keeperskulen er klare for Blindheim, Ålesund

Terje Skjeldestad keeperskule gledar seg til årets arrangement på Blindheim 30.april - 2.mai

Blindheim sitt flotte idrettsanlegg har no opna si andre kunstgrasbane, så det er god plass til oss. Me håpar mange ivrige keeperar melder seg på.

Info og påmelding styrer Rune Haugland på eiga heimeside HER

Me håpar mange keeperar frå vår krets ønskjer å vise seg fram for sunnmøringane.

Denne keeperskulen inngår òg i keeperkretssatsinga til SFFK.

-> LES MER
 
 
Keeperlaurdag blir keepersøndag!

Keepersøndag og kretskeepersamling blir arrangert SØNDAG 18.april

Dette er ein open keepersamling for alle keeperar i alderen 8 til 18 år. Alle er velkomne!

To kampar er inkludert i prisen:
Kaupanger - Avaldsnes(2. div. damer)
Sogndal - Sarpsborg (adeccoligaen)

Programmet finn du HER     Påmeldingar HER  innan 12,april.

Keeperskulen og SFFK håpar mange keeperar melder seg på dette tilbodet på ei fin kunstgrasbane. Keeperkretsgruppa møter til denne samlinga som ledd i SFFK si satsing på keeperar i alderen 13 - 16 år.

 

-> LES MER
 
 
Keeperskulen til Halden

Terje Skjeldestad keeperskule og Kvik Halden har inngått avtale om å arrangere keeperskule på deira anlegg 29. og 30.mai 2010.

Keeperskulen har lenge vurdert å finne ein klubb å samarbeide med på østlandet. Terje kontakta Ørjan Christiansen i Kvik Halden - dermed var ein avtale i boks etter kort tid. Runar Tangen, vår eminente instruktør, har lova oss omvisning i heimbyen sin.

Keeperskulen ser fram til eit godt samarbeid med Ørjan og Kvik Halden og håpar på rekorddeltaking.

Nærmare info om arrangementet kjem om kort tid.

 

-> LES MER
 
 
Meld deg på keeperlaurdag på Kaupanger

Keeperlaurdag/keeperkretssamling på Kaupanger 17.april.

Dette er ein open keepersamling for alle keeperar i alderen 8 til 18 år. Alle er velkomne!

Programmet finn du HER        Påmeldingar HER

Keeperskulen og SFFK håpar mange keeperar melder seg på dette tilbodet på ei fin kunstgrasbane.

Keeperkretsgruppa møter til denne samlinga som ledd i SFFK si satsing på keeperar i alderen 13 - 16 år.

-> LES MER
 
 
Keepersøndag i Førde 14.mars er utsett

På grunn av vêr- og baneforhold vert det desverre ikkje keepersøndag i Førde 14.mars. Førde IL, SFFK og keeperskulen vil prøve å få til eit arrangement neste helg. Dette vil bli avgjordt førstkomande måndag. 

Følg med på keeperskulen si heimeside.

-> LES MER
 
 
Super keepersamling på Eid

 

Fine og gode forhold på Eid si kunstgrasbane under keeperlaurdagen på Eid.  30 keeperar var samla til to gode treningsøkter. Halvparten av deltakarane var inviterte av SFFK til kretssamling i aldersgruppa 13.-16 år.

Bilete frå keeperlaurdagen finn du HER

Du kan òg finne mange tøffe bilete på Haugen Fotball si heimeside HER

Alle bilete: Stig Høynes

-> LES MER
 
 
Keeperlaurdag på Eid

Keeperlaurdag på Eid 20. februar. få med deg to gode treningsøkter med gode instruktørar.

Dette er eit ope arrangement for alle gutar og jenter mellom 8 - 18 år - enten ein har stått i mål nokre år eller er nybyrjar. Alle er hjarteleg velkomne!

Påmelding HER           Program HER

-> LES MER
 
 
Keeperar få heile fylket på keepersøndag i Sogndal
Keeperar frå heile fylket møtte opp til Keepersøndag i Sogndal.
-> LES MER
 
 

--> Nyhetsarkiv

<September 2010>
SunMonTueWedThuFriSat
2930311234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293012
3456789

















 Copyright © 2003 Reaktorgruppen AS. Produsert og designet av Reaktorgruppen AS.