 |
|
Terje
Har no spela over 400 kampar for Sogndal. Var fast innslag på aldersbestemte landslag og har ved fleire høve representert Noreg med a-landslaget. Etter to år med skadar er karriera hans over. Han er no engasjert av Sogndal som keepertrenar.
|
| |
|
|
 |
|
Pappa Bjørn
Har vore keepertrenar for Sogndal sitt a-lag frå 1993 til 2002. Mest oppteken med keeperskulen og kretskeeperar dei siste åra. Forresten, han er med i trenarteamet til Fjøra FK i 2010.
|
| |
|
|
 |
|
Onkelen Åge
Har vore keepertrenar i Brann og Åsane
|
| |
|
|
 |
|
Broren Vegard
Står for tida i mål for Førde i 2.div etter eitt år i Årdal FK. Vegard har òg spela kampar for aldersbestemte landslag. Var fram til 2009 keeper i Kaupanger.
|
| |
|
|
 |
|
Broder Jørn
Som yngste mann av Skjeldestadbrørne ville Jørn prøve noko nytt - han vart midtstoppar. Har spela for Kaupanger nesten heile livet, men er fra 2009 klar for spel i Årdal FK.
|
| |
|
|
 |
|
Bjarte Frækaland
Engasjert keepertrenar frå fjærland som er busett på Hafslo(mellom Sogndal og Marifjøra).
Bjarte styrer gruppa "Gøy å vere keeper" med fast hand.
|
| |
|
|
 |
|
Runar Tangen
Har vokta målet til Kvik Halden. Runar har vore keepertrenar i Kaupanger IL i maaange år.
|
| |
|
|
 |
|
Albert Olav Fedje
Ein av landets beste keeperar med ni fingrar. Har abdisert som sjef for "Gøy å vere keeper" til fordel for Bjarte. Albert Olaf har no ei "fri" rolle på treningsfeltet der han kan bidra med si lange erfaring. Han er også oppteken av at foresatte på sidelinja får ei enkel innføring i keepertrening.
|
| |
|
|
 |
|
Vidar Walsvik
Kanskje den mest ivrige instruktøren i keeperskulen. Keepertrenar på damelaget til Kaupanger, der han òg dreg inn talent frå andre klubbar i Sogn. Vidar likar action på treningsfeltet, noko som blir godt motteke av keeperane.
|
| |
|
|
 |
|
Vidar Breidvik
Tidlegare keeper i IL Høyang. Engasjert keepertrenar når han er heime frå Nordsjøen.
|
| |
|
|
 |
|
Dag Martin Fardal
Innbarka Sogndøl som har utmerka seg som keepertrenar på våre arrangement. Skotfoten passar best for dei eldste gutane...
|
| |
|
|
 |
|
Daniel Kvåle
God keeper frå Sogndal. Overtok etter Terje då han vart skada i 2007, men måtte gje frå seg plassen til Piotr då han kom til klubben.
|
| |
|
|
 |
|
Linda Stokke
Har vore keeper sia ho kunne gå og har vore ein av keeperskulen sine faste deltakarar i maaange år. No har ho for alvor teke steget opp som instruktøransvarleg for "minikeeperane". Dette passar verkeleg for Linda - ho likar dei unge keeperane og dei likar ho.
Linda har vore keeper på høgt nivå på damelaget til Kaupanger og har vore innom aldersbestemt landslag.
|
| |
|
|
 |
|
Andreas Bjelde
Keeperskulen har vore heldig og fått med seg denne flotte karen. Etter at ei stor fotballkariere i Kaupanger er over har han vore med på våre arrangement. Med sine presise og harde skot er han godt likt av dei unge keeperane.
|
| |
|
|
 |
|
Stig Roar Hovand
Vik IL sin superkeeper som kom inn i instruktørgruppa til keeperskulen i 2008. Denne karen blir høyrt...
|
| |
|
|
 |
|
Vidmar Hjellhaug
Har vore innom som trenar i alle seniorlaga på Kaupanger dei siste åra. Er med i trearteamet til Kaupanger damelag i 2.div. Har god erfaring med keepertrening etter lang fartstid som trenar.
|
 |
|
|
 |
|
|
 |
|
|
 |
|
|
 |
|
|
 |
|
|
 |
|
|
 |
|
|
| |
|
|