Keeperskulen klar for Skulestadmo, Voss

Keeperskulen gir seg ikkje😉 Me prøver igjen på Skulestadmo 25. og 26. september. Me håpar på stor interesse for tiltaket som er eit samarbeid med Ørnar IL.

Venligst bruk påmeldingsskjema, så me får registrert deltakarane med kontaktinfo.
Les òg info om gjennomføring av keeperskulen og følg med på vår heimeside/Facebook om endringar i program. Det blir ikkje servert mat i covid19 versjonen av keeperskulen, så ta med skikkeleg niste og drikke.

Ta kontakt med oss om de har spørsmål.

STAO PAO!⚽️

INFORMASJON OG PROGRAM

Keeperskule på Skulestadmo, Voss, 25. og 26. september 2021

Keeperskulen er for alle mellom 8 og 16 år og det vil bli delt inn i grupper etter alder og ferdigheit. Her vil alle få utfordringar og lære mykje frå våre instruktørar. Dette er òg eit fint høve for unge fotballspelarar til å finne ut om keeperrolla er noko som passar dei. Me håpar på mange påmeldte og at foreldre og trenarar kan ta turen til Skulestadmo for å få tips til keepertrening.

Gruppeinndeling:

  • 8– og 9–åringane går inn i ei gruppe som me kallar "minikeeper". Denne gruppa vil få innføring i basisteknikk for keeperar og får vera med på mykje artig aktivitet.

  • Gruppa "Gøy å bli keeper" er for jenter og gutar frå 10–12 år. Deltakarane får øve mykje på basisteknikk og sjølvsagt blir det mykje "action".

  • Frå 13 år og eldre vil deltakarane bli delt inn i grupper på kjønn og ferdigheiter, og blir nok køyrt med høgare intensitet og fart. Dette er keeperutvikling!

Treningsprogram:

Laurdag: 11.00—12.30 og 13.30—15.00 Frammøte/registrering: frå 20 minutt før treningstart på laurdag.
Søndag: 11.00—12.30 og 13.30—15.00

PRISAR:

  • 8- og 9-åringar(født 2012–2013): kr 1000,–

  • 10–16 år(født 2011 og eldre: kr 1400,–

BETALINGSINFO:

Terje Skjeldestad keeperskule
Røsslyngteigen 1
6854 KAUPANGER
Kontonr.: 3720 12 78415
NB! Hugs å skrive på namn på deltakaren.

Ved mottatt betaling er du påmeldt:-)

  • Alle må ha med fotballsko, joggesko, leggskinn keeperhanskar og drikkeflaske med namn

  • Godt med treningsklede i tilfelle dårleg vêr

  • Ta òg med rikeleg med godt humør. Viktig:-)

Me vil følgje Helsedirektoratet sine smittevernstiltak for idrett: 

1. Sjuke personar skal holde seg heime

2. God hand- og hostehygiene og forsterka reinhald.

3. Halde minst ein meters avstand i pausar og redusere kontakt mellom personar.

Me gjennomfører keeperskulen ved å halde oss til FHI/helsedirektoratet sine smittevernreglar og fotballen sine koronavettregler som vart oppdatert 4. august 2021.

Terje Skjeldestad keeperskule har gjennomført to keeperskular, Sogndal og Kaupanger , i vinter/vår, og har god erfaring med keeperskule/trening i koronatiden.

Me ønskjer å gjennomføre ein trygg keeperskule og ønskjer at keeperane held “meteren” på treningsfeltet. Me legg ikkje opp til øvingar der deltakarane kjem i kampsituasjonar. Det blir ikkje servert mat og drikke på arrangementet, så det må alle ta med sjølve.