No er me endeleg klare til keeperskule på Kaupanger

Keeperskule på Kaupanger fredag 11.–13. juni

Me kjem til å følgje gjeldande koronareglar for fotballaktivitet i henhold til Helsedirektoratet sine anbefalinger.

Me oppfordrar alle deltakarane/foreldre til å vere flinke til å halde fotballens koronavettreglar, og sei frå om det skjer avvik frå desse. Me ønskjer at alle skal føle seg trygge. Det er framleis mogeleg å trene godt og ha det gøy.

Praktisk gjennomføring av keeperskulen:

·        Registrering startar på Kaupanger stadion fredag frå kl. 17.30. Finn plass på tribuna, så går me rundt og registrerer.

·         Keeperskulen(TSK) kan ikkje få til servering av mat og drikke i treningspausane, så ta med mat og drikke(merk flasker med namn). På tribuna gjeld meteren😉

·        TSK må ha oversikt om nokon treng garderobar(e-post eller sms til 977 72 804)

·        TSK har tilgang til toalett på stadion

·        Antibac er tilgjengeleg

·        Utstyr: Fotballsko og keeperhanskar

·        Me håpar alle tek med seg rikeleg med godt humør😊

 PÅMELDING

Fotballen sine koronavettreglar: 

Oppdatering kjem her!

Har de spørsmål om arrangementet kan de ta kontakt på e-post eller telefon 977 72 804

Keeperskulen er for alle frå 8 år og det vil bli delt inn i grupper etter alder og ferdigheiter. Her vil alle få utfordringar og lære mykje frå engasjerande instruktørar. Dette er òg eit fint høve for unge fotballspelarar til å finne ut om keeperrolla er noko som passar dei. Me håpar på mange påmeldte og at foreldre og trenarar kan ta turen til Kaupanger for å få tips til keepertrening.

Ta kontakt om du ikkje kan delta på alle treningsøktene.

Gruppeinndeling:

  • 8- og 9-åringane går inn i ei gruppe som me kallar "minikeeper". Denne gruppa vil få innføring i basisteknikk for keeperar og får vera med på mykje artig aktivitet.

  • Gruppa "Gøy å bli keeper" er for jenter og gutar frå 10-12 år. Deltakarane får øve mykje på basisteknikk og sjølvsagt blir det "action".

  • Frå 13 år og eldre vil deltakarane bli delt inn i grupper på kjønn og ferdigheiter, og det blir køyrt tøffe treningsøkter. Me vil òg prøve å plukke ut ei elitegruppe av 15–åringar og eldre.

PRISAR:

  • 8– og 9-åringar(2012 or 2013) kr 1000,–

  • 10–12 år (2009, 2010 og 2011) kr 1400,–

  • 13 år og eldre(2008 og eldre) kr 1600,–

 BETALINGSINFO:

Terje Skjeldestad keeperskule
Røsslyngteigen 1
6854 KAUPANGER
Kontonr.: 3720 12 78415
NB! Hugs å skrive på namn på deltakaren og fødselsår.

Vippsnummer: 610517

Program:

Fredag 11. juni
Kl 17.30 Frammøte og registrering: Kaupanger stadion, klare til trening.
Kl. 18.00–19.30   Trening

Laurdag 12. juni
Kl. 10.45      Frammøte klar for trening
Kl. .11.00   Trening
Kl. 12.30      Lunsj
Kl. 13.30      Trening
Kl. 15.00 Slutt

Søndag 13. juni
Kl. 10.45         Frammøte og klar for trening
Kl. 11.00         Trening
Kl. 12.30          Lunsj
Kl. 13.30          Trening
Kl. 15.00          Slutt