Keeperskule i Sogndal

Keeperskule i Sognahallen

Keeperskulen er for alle frå 8 år og det vil bli delt inn i grupper etter alder og ferdigheiter. Her vil alle få utfordringar og lære mykje frå engasjeraned instruktørar. Dette er òg eit fint høve for unge fotballspelarar til å finne ut om keeperrolla er noko som passar dei. Me håpar på mange påmeldte og at foreldre og trenarar kan ta turen til Sognahallen for å få tips til keepertrening.

Gruppeinndeling:

  • 8- og 9-åringane går inn i ei gruppe som me kallar "minikeeper". Denne gruppa vil få innføring i basisteknikk for keeperar og får vera med på mykje artig aktivitet.

  • Gruppa "Gøy å bli keeper" er for jenter og gutar frå 10-12 år. Deltakarane får øve mykje på basisteknikk og sjølvsagt blir det mykje "action".

  • Frå 13 år og eldre vil deltakarane bli delt inn i grupper på kjønn og ferdigheiter, og blir køyrt tøffe treningsøkter. Me vil òg prøve å plukke ut ei elitegruppe av 15–åringar og eldre.

 
Dei to yngste gruppene passar godt for jenter og gutar som ønskjer å finne ut om keeperrolla er noko for dei. Uansett er dette god trening for alle, store og små.
 

PRISAR:

  • 8– og 9-åringar(2009 or 2010) kr 1000,–

  • 10–12 år (2006, 2007 og 2008) kr 1400,–

  • 13 år og eldre(2005 og eldre) kr 1600,–

 

BETALINGSINFO:

Terje Skjeldestad keeperskule
Røsslyngteigen 1
6854 KAUPANGER
Kontonr.: 3720 12 78415
NB! Hugs å skrive på namn på deltakaren.

Ved mottatt betaling er du påmeldt:-)

Program:

Fredag 23. november

Frammøte og registrering frå kl. 18.00
Kl. 19.00–20.30   Trening

Laurdag 24. november

Kl. 10.50          Frammøte i Sognahallen, klar for trening:-)
Kl. 11.00    Trening
Kl. 13.00          Lunsj
Kl. 15.00          Trening
Kl. 17.00          Slutt

Søndag 25. november

Kl. 09.45          Frammøte og klar for trening
Kl. 10.00          Trening
Kl. 12.00           Lunsj
Kl. 13.00           Trening
Kl. 15.00           Slutt

  • Alle må ha med fotballsko, joggesko, leggskinn keeperhanskar og drikkeflaske med namn

  • Smør skikkeleg god niste til lunsj laurdag og søndag. Lerumjus og frukt stiller keeperskulen med.

  • Ta òg med rikeleg med godt humør. Viktig:-)