Keeperskule på Kaupanger 2019

 I år feirar Terje Skjeldestad keeperskule 20-årsjubileum, så me håpar på ekstra god påmelding til keeperskulen på Kaupanger.

Keeperskule på Kaupanger 14.–16. juni 2019

Keeperskulen er for alle frå 8 år og det vil bli delt inn i grupper etter alder og ferdigheiter. Her vil alle få utfordringar og lære mykje frå engasjeraned instruktørar. Dette er òg eit fint høve for unge fotballspelarar til å finne ut om keeperrolla er noko som passar dei. Me håpar på mange påmeldte og at foreldre og trenarar kan ta turen til Sognahallen for å få tips til keepertreningar.

Gruppeinndeling:

  • 8- og 9-åringane går inn i ei gruppe som me kallar "minikeeper". Denne gruppa vil få innføring i basisteknikk for keeperar og får vera med på mykje artig aktivitet.

  • Gruppa "Gøy å bli keeper" er for jenter og gutar frå 10-12 år. Deltakarane får øve mykje på basisteknikk og sjølvsagt blir det mykje "action".

  • Frå 13 år og eldre vil deltakarane bli delt inn i grupper på kjønn og ferdigheiter, og blir køyrt tøffe treningsøkter. Me vil òg prøve å plukke ut ei elitegruppe frå 15-åringar og eldre(noko for sone- og kretskeeperar?


PRISAR:

  • 8- og 9-åringar(2010 og 2011) kr 1000,–(Kr 750,– for keeperar som skal delta på “Kongleriket” laurdag eller søndag).

  • 10-12 år (2007, 2008 og 2009) kr 1400,–

  • 13 år og eldre(2006 og eldre) kr 1600,–

Overnatting:

Ta kontakt om deltakar treng overnatting på Kaupanger skule

 Betalingsinfo:

Terje Skjeldestad keeperskule
Røsslyngteigen 1
6854 KAUPANGER
Kontonr.: 3720 12 78415
NB! Hugs å skrive “Kaupanger + deltakarnamn” eller “Voss + deltakarnamn” på innbetalinga.

Ved mottatt betaling er du påmeldt:-)

Program og info

Fredag 14. juni:

Frå kl 18.30 -19.00  Frammøte og registrering på Kaupanger stadion
Kl. 19.00             Informasjonsmøte på Kaupanger stadion. Alle må då vera treningsklare:-)
Kl. 19.00              Trening på Kaupanger stadion
Kl. 20.30              Slutt på treninga.

Laurdag 15. juni:

Kl. 11.30              Trening i Sognahallen
Kl. 13.30              Lunsj. Smør og ta med deg god lunsjpakke. Drikke frå Lerum, youghurt og bananer har klar me til maten.
Kl. 14.30              Trening i Sognahallen
Kl. 16.00              Grilling

Søndag 16. juni:

Kl. 10.00            Trening på Kaupanger
Kl. 12.00             Lunsj.  Smør og ta med deg god lunsjpakke. Drikke frå Lerum, youghurt og bananer har klar me til maten.
Kl. 13.00             Trening på Kaupanger
Kl. 15.00             Slutt

Dette må du ha med deg:

-  Fotballsko, joggesko og leggskinn
-  Keeperhanskar
-  Drikkeflaske med namn
-  Godt med treningsklede i tilfelle dårleg vêr

Ta òg med rikeleg med godt humør. Viktig:-)

Ta kontakt om de har spørsmål:  jan.terje.nondal@sogn.no, 977 72 804