Klar for keeperskule i Sognahallen?

På grunn av kampen mellom Sogndal og HamKam laurdag, må me endre treningstidene. Sjå program nede på sida.

Keeperskule i Sognahallen

Keeperskulen er for alle frå 8 år og det vil bli delt inn i grupper etter alder og ferdigheiter. Her vil alle få utfordringar og lære mykje frå engasjeraned instruktørar. Dette er òg eit fint høve for unge fotballspelarar til å finne ut om keeperrolla er noko som passar dei. Me håpar på mange påmeldte og at foreldre og trenarar kan ta turen til Sognahallen for å få tips til keepertrening.

Ta kontakt om du ikkje kan delta på alle treningsøktene.

Gruppeinndeling:

  • 8- og 9-åringane går inn i ei gruppe som me kallar "minikeeper". Denne gruppa vil få innføring i basisteknikk for keeperar og får vera med på mykje artig aktivitet.

  • Gruppa "Gøy å bli keeper" er for jenter og gutar frå 10-12 år. Deltakarane får øve mykje på basisteknikk og sjølvsagt blir det mykje "action".

  • Frå 13 år og eldre vil deltakarane bli delt inn i grupper på kjønn og ferdigheiter, og blir køyrt tøffe treningsøkter. Me vil òg prøve å plukke ut ei elitegruppe av 15–åringar og eldre.

Overnatting:

Fordi det dei siste åra ikke har vore noko interesse for overnatting i klasserom på Campus, har me kutta det ut i år. Alternativ overnatting på Kaupanger skule, då saman med føresett/voksen.

Ta kontakt om de ønskjer overnatting på Kaupanger skule.



PRISAR:

  • 8– og 9-åringar(2010 or 2011) kr 1000,–

  • 10–12 år (2007, 2008 og 2009) kr 1400,–

  • 13 år og eldre(2006 og eldre) kr 1600,–

 

BETALINGSINFO:

Terje Skjeldestad keeperskule
Røsslyngteigen 1
6854 KAUPANGER
Kontonr.: 3720 12 78415
NB! Hugs å skrive på namn på deltakaren.


Program:

Fredag 1. november

Frammøte og registrering frå kl. 18.30
Kl. 19.00–20.30   Trening

Laurdag 2. november

Kl. 09.50          Frammøte i Sognahallen, klar for trening:-)
Kl. 10.00    Trening
Kl. 12.00          Lunsj
Kl. 13.00          Trening
Kl. 15.00          Slutt

Kl. 16.00 SOGNDAL - HAMKAM på Fosshaugane Campus

Søndag 3. november

Kl. 09.50          Frammøte og klar for trening
Kl. 10.00          Trening
Kl. 12.00           Lunsj
Kl. 13.00           Trening
Kl. 15.00           Slutt

  • Alle må ha med fotballsko, leggskinn keeperhanskar og drikkeflaske med namn.

  • Smør skikkeleg god niste til lunsj laurdag og søndag. Lerumjus og frukt stiller keeperskulen med.

  • Ta òg med rikeleg med godt humør. Viktig:-)