Keeperskule på Kaupanger 26.–28. juni

Litt spesiell keeperskule i år. Me kjem til å følgje gjeldande koronareglar for fotballaktivitet i henhold til Helsedirektoratet sine anbefalinger. Detaljane kjem me tilbake til.

Deltakarane blir registrert etter påmeldingstidspunkt, og me kjem til å stenge påmeldingsskjema når grensa for deltakarar er nådd.

Påmeldingsfrist: tysdag 23. juni

Keeperskule på Kaupanger

Keeperskulen er for alle frå 8 år og det vil bli delt inn i grupper etter alder og ferdigheiter. Her vil alle få utfordringar og lære mykje frå engasjeraned instruktørar. Dette er òg eit fint høve for unge fotballspelarar til å finne ut om keeperrolla er noko som passar dei. Me håpar på mange påmeldte og at foreldre og trenarar kan ta turen til Kaupanger for å få tips til keepertrening.

Ta kontakt om du ikkje kan delta på alle treningsøktene.

Gruppeinndeling:

  • 8- og 9-åringane går inn i ei gruppe som me kallar "minikeeper". Denne gruppa vil få innføring i basisteknikk for keeperar og får vera med på mykje artig aktivitet.

  • Gruppa "Gøy å bli keeper" er for jenter og gutar frå 10-12 år. Deltakarane får øve mykje på basisteknikk og sjølvsagt blir det mykje "action".

  • Frå 13 år og eldre vil deltakarane bli delt inn i grupper på kjønn og ferdigheiter, og blir køyrt tøffe treningsøkter. Me vil òg prøve å plukke ut ei elitegruppe av 15–åringar og eldre.

PRISAR:

  • 8– og 9-åringar(2011 or 2012) kr 1000,–

  • 10–12 år (2008, 2009 og 2010) kr 1400,–

  • 13 år og eldre(2007 og eldre) kr 1600,–

 BETALINGSINFO:

Terje Skjeldestad keeperskule
Røsslyngteigen 1
6854 KAUPANGER
Kontonr.: 3720 12 78415
NB! Hugs å skrive på namn på deltakaren og fødselsår.

Vipps: Keeperskule Kaupanger/610517

Program:

Fredag 26. juni
Frammøte og registrering på Kaupanger stadion frå kl. 17.45, klare til trening
Kl. 18.00–19.30   Trening

Laurdag 27. juni
Kl. 09.50      Frammøte klar for trening
Kl. 10.00    Trening
Kl. 11.30       Lunsj
Kl. 12.30       Trening
Kl. 14.00 Slutt

Søndag 28. juni
Kl. 09.50          Frammøte og klar for trening
Kl. 10.00         Trening
Kl. 11.30          Lunsj
Kl. 12.30          Trening
Kl. 14.00          Slutt

  • Alle må ha med fotballsko, leggskinn keeperhanskar og drikkeflaske med namn.

  • Klebyte om dårleg vêr.

  • Smør skikkeleg god niste til lunsj laurdag og søndag. Lerumjus og saft stiller me med.

  • Ta òg med rikeleg med godt humør. Viktig:-)